Marne
franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Marne er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Champagne-Ardenne, og er kalla opp etter elva med same namn.
- For elva med same namn, sjå elva Marne
Vingardane som produserer champagne, den verdskjende musserande vinen, ligg i Marne.
Remove ads
Historie
Marne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Champagne.
Marne har lenge vore knytt til den franske hæren. Treningsleiren Camp Militaire de Mailly ligg ved grensa til departementet Aube, medan Camp de Mourmelon dekkjer eit stort området nord for Châlons-en-Champagne. Den mindre Camp de Moronvilliers ligg aust for Reims og Camp Militaire de Suippes ligg aust for den igjen. Alle desse ligg på Champagne-platået.
Remove ads
Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Champagne-Ardenne og grensar til departementa Ardennes, Meuse, Haute-Marne, Aube, Seine-et-Marne og Aisne.
Av elvar som renn gjennom departementet finn ein Marne, Vesle, Ardre og Somme-Soude. Elva Aube munnar ut i Seinen i Marne.
Demografi
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Marnais.
Turisme
Reims er med sin vidkjende katedral, der kongane i Frankrike vart krona, ein stor attraksjon. Andre turistattraksjonar er fulgereservatet ved Lac du Der Chantecoq og fiskevatna i nærleiken. Parc Régional de la Montagne de Reims er eit stort friluftområde i departementet.
Bakgrunnsstoff

- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside Arkivert 2001-04-01 ved Wayback Machine.
- Offisiell turistside
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads