Romsonden Phoenix
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Phoenix var ein romsonde og del av Mars Scout-programmet til NASA. Han vart skoten opp den 4. august 2007, og landinga nær polområdet i Vastitas Borealis på Mars vart stadfest vellukka den 26. mai 2008.[1] Siste signalet frå Phoenix vart motteke 2. november 2008, og åtte dagar seinare, 10. november, vart sonden erklært tapt av NASA.[2] Då hadde sonden vore operativ på Mars i meir enn fem månader.[2]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Phoenix (fleirtyding).


Landinga til Phoenix er den sjette vellukka landinga på Mars og var den fyrste marssonden som nytta motorisert nedstiging sidan Viking-sondane tidleg på 1970-talet.
Prosjektet var leitt av Lunar and Planetary Laboratory ved Universitetet i Arizona under styring av NASA. Alt i alt var prosjektet eit samarbeid av universitet frå USA, Canada, Sveits, Danmark og Tyskland, NASA, Den kanadiske romfartsorganisasjonen og private selskap frå luftfartsindustrien.
Remove ads
Vitskaplege mål

Ferda hadde to mål:
- studera den geologiske historia til vatnet i området, slik at ein kan få informasjon om tidlegare klimaforandringar på Mars
- finna prov for ei eventuell leveleg sone i grensa mellom jord og is der mikrobar kan eksistera.
Instrumentpakka på Phoenix var i stand til å avdekkja informasjon om den geologiske historia til nordpolregionen på Mars, og ei eventuell biologisk historie. Sidan Phoenix var den første ferda til å returnera data frå overflata i polarområda kom Phoenix med eit sterkt bidrag til Mars-strategien hjå NASA: «Fylg vatnet». Marspolane inneheld store mengder vassis.[3][4]
Remove ads
Landar
Ein valde ein landar i staden for ein marsrover, av di:
- Kostnadene vart reduserte når ein kunne bruka utstyr frå ein romsondeferd som vart avlyst
- Ein trur at området der Phoenix landa er lite variert, difor er det av liten verdi å ha eit mobilt laboratorium.
- Utstyrsvekta som trengst for å gjera Phoenix mobil kan i staden brukast på fleire og betre vitskaplege instrument
Bilete
- Dodo-Goldilocks-grøfta vart laga av tre ulike gravingar med den robotiske armen. Gravinga eksponerte eit hardt kvitt stoff som kan vera is.
- Terningstore klumpar av lyst materiale i Dodo-Goldilocks-grøfta forsvann over fire dagar, noko som leidde forskarane til å konkludera med at klumpane var laga av is som sublimerte.<ref>«Bright Chunks at Phoenix Lander's Mars Site Must Have Been Ice» - Offisiell NASA-pressemelding (19. juni 2008). Vitja 20. juni 2008.
- Bilete teke av Mars Reconnaissance Orbiter som viser Phoenix svevande framfor krateret Heimdall.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads