Marsfiol

From Wikipedia, the free encyclopedia

Marsfiol
Remove ads

Marsfiol (Viola odoráta) er ein plante i fiolslekta som blir opp til 7 cm. høg. Han blømer om våren med store mørkblå blomstrar som luktar godt. Blad og blomsterskaft dannar ein rosett ved bakken. Han har òg små blad på blomsterskaftet. Seinare kjem det blomstrar som ikkje opnar seg, men sjølvpollinerar. Desse har korte skaft og bøyer seg mot marka. Fruktene på desse blir modna på eller i molda. Plantar som har to slags frukt, på marka og i lufta, blir kalla amfikarpe. Eit anna døme er gaukesyre. Frøa til marsfiolen blir spreidde av maur. Planta formeirar seg også vegetativt med lange tæger, og kan danne store koloniar.

Kjappe fakta

I Noreg er marsfiol ein forvilla hageblomster som finst rundt Oslofjorden, sør til Arendal. Det er òg førekomstar ved Mandal og Stavanger.

Remove ads

Galleri

Kjelder

  • Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.
  • C. A. M. Lindman: Nordens flora. Oslo 1977.

Bakgrunnsstoff


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads