Marsmånen Fobos
marsmåne From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fobos eller Phobos er den største av to marsmånar (den andre er Deimos). Han er namnsett etter den greske guden Fobos, son av Ares (Mars). Fobos krinsar med ein avstand på omtrent 9377 km over overflata til Mars og er med det den månen som krinsar nærast planeten sin. Fobos blei oppdaga av den amerikanske astronomen Asaph Hall den 18. august 1877 ifrå US Naval Observatory i Washington, D.C.
Fobos har ei omløpstid på 0,319 dagar og er den einaste kjende naturlege månen som har kortare omlaupstid enn rotasjonstida for den planeten han flyttar seg rundt. Sett frå Mars vil han stå opp i vest og gå ned i aust.
Fobos er sterkt flattrykt med ein poldiameter på 18 km og ein ekvatordiameter på 22 km. Albedoen er særs låg, 0,065. Det første nærbiletet av månen vart teke 5. august 1969 av romsonden Mariner 7 frå ein avstand på 130 900 km.

Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads