Marstein fyrstasjon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Marstein fyrstasjonmap
Remove ads

Marstein fyr i Austevoll kommune i Vestland er eit kystfyr som vart bygd i 1887.

Thumb
Plasseringa til Marstein fyrstasjon
Thumb
Marstein fyr ligg ytst i havgapet, men denne dagen i juli 2008 var det så stille som det kan få verte.
Thumb
Bygningane på Marstein fyrstasjon
Kjappe fakta Fylke, Kommune ...

Marsteinen er ein holme som ligg ved inngangen til Korsfjorden og dermed innseglinga til både Bergen og Hardangerfjorden. Fyret består av eit kvitt betonghus med tårn. Den franske linsa som vart montert då fyret vart oppført er framleis i bruk, sjølv om han har skår frå skot under den andre verdskrigen. Det finst òg eit bifyr i same tårn med raudt lyst.

Fram til 1916 hadde fyret ein nautofon som vart nytta som tåkelur, medan radiofyr, som hadde ei rekkjevidd på 50 natuiske mil var i drift til 1923.

Fyret vart automatisert i 1987 og avfolka i 2002. Etter avfolkinga overtok Austevoll kommune Marsteinen samt fyret i august 2006.

Både næringslivet, Austevoll kommune og regjeringa har sett av midlar til å gjere Marsteinen til ein turistattraksjon. Utfordringa er den vêrharde plasseringa ytst i havgapet og dårleg tilkomst.

Fyret er eit av dei mest vêrutsette fyra langs norskekysten, noko dei mange forlisa i nærleiken er bevis på. I januar 2005 vart delar av bygningane på Marsteinen sterkt skadde av ekstremvêret Inga.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Marstein fyrstasjon
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads