Martinus J.G. Veltman

nederlandsk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Martinus J.G. Veltman
Remove ads

Martinus J.G. Veltman (27. juni 19314. januar 2021) var ein nederlandsk fysikar. Veltmann er kjent for pionerarbeidet sitt med renormalisering av gaugeteoriar. Som nyutnemnd professor ved Rijks Universiteit utvikla han eit dataprogram, Schoonship, som utførte algebraiske forenklingar av dei kompliserte uttrykka som alle kvantefeltteoriar resulter i når ein vil gjere utrekningar. Ved hjelp av dette programmet blei det mogeleg å verifisere de resultata som studenten hans Gerardus 't Hooft hadde kome fram til, og saman utarbeidde dei ein detaljert utrekningsmetode som mellom anna gjorde det mogeleg å rekne ut massen til toppkvarken.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Veltman vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1999, saman med 't Hooft, for sine avgjerande innsatser innan kvantestrukturen til teorien for elektrosvak vekselverknad i fysikken.

Han tok doktorgrad i fysikk ved universitetet i Utrecht i 1963, der han òg var professor i perioden 196681. Han var òg professor ved University of Michigan frå 1981 og fram til han gjekk av med pensjon.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads