Mary Shelley
britisk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mary Wollstonecraft Shelley (30. august 1797–1. februar 1851) var ein britisk forfattar som er mest kjend for boka Frankenstein.
Mary var fødd i London av Mary Wollstonecraft, som døydde då Mary var ti dagar gamal, og William Godwin. Etter at faren gifta seg på ny i 1801 levde Mary ofte hos pleieforeldra i Skottland. Allereie 10 år gamal skreiv ho si første bok.
I 1814 rømte ho heimanfrå (History of a six weeks' tour) med poeten Percy Bysshe Shelley, og i 1816 gifta dei seg etter at den første kona hans hadde teke livet sitt. Same året (året utan sommar) drog dei saman med Mary si søster Claire til Sveits for å treffe Lord Byron. I løpet av sommaren var dei ofte i lag nattetider i Byron sin Villa Diodati. I skummelt torevêr las dei grøssarar for kvarandre. Byron sin livlege, John Polidori, var òg med.
Inspirert av desse nattlege fantasiane i kombinasjon med bruk av opiat, oppstod tanken om at dei sjølve kunne skrive liknande forteljingar. Berre Mary Shelley og John Polidori kom lenger enn til utkast. I 1818, ho var då 19 år gamal, gav ho ut Frankenstein, rekna for å vere den første science fiction-romanen. Året etter, i 1819 gav John Polidori ut romanen The Vampyre som seinare skulle inspirere Bram Stoker til romanen Dracula som var gjeven ut i 1897.
Frankenstein vart populær, Mary Shelley byrja difor å skrive fleire bøker. Av dei meir sentrale er The Last Man som handlar om menneska sin undergang i det 21. hundreåret.
Remove ads
Bibliografi
Filmar inspirert av Mary Shelley
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads