Massey Ferguson

From Wikipedia, the free encyclopedia

Massey Ferguson
Remove ads

Massey Ferguson vart til ved at den kanadiske landbruksmaskin- og traktor-produsenten Massey-Harris og det britiske føretaket Ferguson i 1953 slo seg saman til «Massey Harris Ferguson», som i 1958 vart forenkla til «Massey Ferguson»[1].

Kjappe fakta Org.form, Bransje ...

Massey Ferguson utvikla seg til ein av dei største produsentane av landbrukstraktorar i verda. På trass av den kanadisk avstamminga forgjekk det meste av den nordamerikanske produksjonen i USA. I Europa har/hadde Massey Ferguson store fabrikkar i Storbritannia og Frankrike. Traktorane vart òg produserte på lisens mange stader i verda: Jugoslavia, India, Iran, Pakistan, Polen, Tyrkia, Venezuela, osb.

1970-talet fekk Massey Ferguson økonomiske problem og kom under kontroll av Conrad Black, for så i 1981 å verta reorganisert som Varity Coorperation. I 1994 kjøpte AGCO Massey Ferguson og nyttar no «Massey Ferguson» som eit varemerke. Norsk importør er Eikmaskin.

Remove ads

Galleri

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads