Mastik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mastik
Remove ads

Mastik (Pistacia lentiscus) er eit lite tre på 3-4 meter som veks nær tropiske strok. Mastik blir utnytta på grunn av kvaen og produksjon skjer blant anna på sørsida av Khíos, i Mastichoria-området. Det vert sagt at det er berre her treet produserer kvae. Kvaa var så ettertrakta at mellomalderlandsbyane vart bygd som fort for å verna kvaa (mastiken) mot piratar. Under det Ottomanske riket betalte Khíos sin skatt i mastiki, blant anna ettertrakta som tannrens og tyggegummi for haremet til sultanen.

Kjappe fakta

Mastik vert nytta til ferniss, hudkrem, tannkrem, tyggegummi, parfymeproduksjon, likør, ouzo og i medisin. Mastiki har mellom anna vist seg effektiv i læking av magesår og har betennelsesdempande og reinsande effekt.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads