Matthew Upson
britisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Matthew James Upson (fødd 18. april 1979) er ein engelsk tidlegare fotballspelar som har spela for West Ham United.
Remove ads
Karriere
Upson starta karrieren sin som ungdom i Luton Town i 1994, og heldt fram å spela for fyrstelaget deira i 1996. Han spela berre ein kamp for fyrstelaget til Luton, det var mot Rotherham United i august 1996.
I 1997 vart han kjøpt opp av Arsenal, der han sleit mykje med skadar og ikkje skåra eit einaste mål mellom 1997 og 2003. I 2000 vart han lånt bort til Nottingham Forest FC, i 2001 til Crystal Palace FC og i 2002 til Reading FC. Birmingham City FC kjøpte opp Upson i 2003. Her vart han også plaga med skadar, men heldt fram i klubben til 2007 då han vart kjøpt opp av West Ham United, og signerte ein fire og eit halvt års kontrakt med dei.
Landslagsspel
Upson spelte 21 landskampar for England. Sju av kampane i åra 2003-04 og resten i åra 2008-10. Han deltok i VM i fotball 2010 i Sør-Afrika, der han spelte sine siste to landskampar. I åttedelsfinalen mot Tyskland skåra han sitt andre landslagsmål, kampen enda med tysk siger 2-1 og Upsons farvel til landslaget.
Remove ads
Kjelder
- Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia om Matthew Upson.
- eu-football
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads