Maulid an nabi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Maulid an nabi (koransk arabisk مَوْلِدُ آلنَبِيِّ, mawlidu n-nabiyyi), ofte berre kalla maulid,[1] er ei muslimsk høgtid til minne om fødselsdagen til profeten Muhammed.

Dagen fell i rabi' al-awwal, den tredje månaden i den muslimske kalenderen, i følgje sunnimuslimar på den 12. og sjiamuslimar på den 17., som òg er fødselsdagen til den sjette sjiaimamen Jafar as-Sadiq.
Remove ads
Feiring
Maulid blir feira i dei fleste muslimske land, der han er offentleg høgtidsdag og ein pyntar heimar og moskéar. Mange stader blir det halde opptog, ein fortel eller les dikt om livet til Mohammed, og det er vanleg å dela ut mat og almisser. I Pakistan heiser ein flagget ved alle offentlege bygg og fyrer av saluttar i hovudstaden og provinshovudstadane. Dagen er mindre feira i Saudi-Arabia og er ikkje ein fridag.
Remove ads
Dato
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads