Medvite nærvære

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Medvite nærvære (av engelsk mindfulness) er ein praksis der ein medvite fører merksemda si mot det ein opplever nett då utan å vurdera det,[1][2][3][4] eller «evna til å vera vaken i noet».[5]

Åsa Nilsonne framhevar fire grunnleggande prosessar for medvite nærvære: (a) observera – vera merksam på hendingar, kjensler og tankar, (b) skildra – setta ord på for ein sjølv det ein har merksemda retta mot, (c) ikkje dømma – unngå verdivurderingar, og (d) delta – vera ein smidig og spontan deltakar i det som skjer her og no.[6] Jon Kabat-Zinn skildrar mindfulness (norsk «medvite nærvære») som å vera i kontakt med den ein er her og no, og slik tillata ein sjølv å «vakna opp» frå ein slags sovande tilstand der ein handlar, tenker og føler på autopilot, styrt av automatiske og umedvitne indre prosessar.[7]

Medvite nærvære er eit nøkkelomgrep innanfor buddhistisk meditasjon,[8] og er på tradisjonelt vis ein austleg meditasjonsteknikk og filosofi. På grunn av legen Jon Kabat-Zinn sine leksjonar har det vidare blitt populært, ikkje berre innanfor sjølvhjelpsverda, men innan moderne psykologi og terapi. Brukt innanfor moderne psykoterapeutisk behandling har ein vidareført det psykologiske og fenomenologiske innhaldet i omgrepet og den praktiske teknikken, utan å nødvendigvis trekka inn det buddhistiske verdssynet eller dei religiøse føresetnadene som buddhistar knyter til mindfulness-omgrepet.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads