Melkøya
øy i Hammerfest i Finnmark From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
70°41′19″N 23°35′54″E Melkøya er ei øy utanfor Hammerfest i Finnmark. På øya er bygt eit industrianlegg for mottak og prosessering av naturgass frå Snøhvitfeltet i Barentshavet. Anlegget vert kalla Snøhvit LNG. Gassen vert send i ein 160 km lang gassrøyrleidning til Melkøya. På Melkøya vert gassen prosessert og konvertert til nedkjølt flytande form (LNG). Gassen vert så eksportert i spesialbygde skip. Statoil ASA er operatør for utbygginga.

Anlegget vart sett i drift hausten 2007. Den første skipslasta med 145 000 kubikkmeter flytande gass gjekk frå Melkøya den 20. oktober i 2007 med skipet Arctic Princess.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads