Menasseh Ben Israel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Menasseh Ben Israel
Remove ads

Menasseh Ben Israel (160420. november 1657) var ein sefardisk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar; grunnleggjar av det første hebraiske boktrykkjeriet i Amsterdam i 1626.

Kjappe fakta
Remove ads

Biografi

Manoel Dias Soeyro, som var namnet han voks opp med, vart fødd på Madeira i 1604, året etter at foreldra hans flykta frå Portugal på grunn av Inkvisisjonen. Familien flytte til Nederland i 1610. Nederland var på denne tida midt i åttiårskrigen (15681648) ein krig som i stor grad dreidde seg om religiøst opprør. Familien kom dit under våpenkvila som Frankrike og England hadde mekla fram i Haag.

Menasseh Ben Israel var ein ven av Rembrandt.

Menasseh er særleg kjend for petisjonsbrevet sitt åt Oliver Cromwell og Det britiske parlamentet for å gjera om dei tidlegare engelske herskarane sine vedtak og lata jødane flytte attende til England. Petisjonen førte fram, og det voks gradvis fram ein jødisk busetnad i Storbritannia frå da av.

Menasseh ben Israel døydde i Middelburg i Nederland hausten 1657, kort etter heimkomsten frå England.

Remove ads

Sjå òg

  • Jødisk historie

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Menasseh Ben Israel
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads