Merhav Am
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Merhav Am (hebraisk skrift מֶרְחָב עַם, tyder Nasjonal vidde) er ein religiøs fellesbusetnad i Negevørkenen i Israel. Han ligg mellom Yeruham og kibbutzen Sde Boker i Ramat HaNegev regionale kommune.
Remove ads
Historie
Han vart grunnlagd av Or-rørsla den 1. november 2001 og hadde i 2006 eit folketal på kring 30 familiar, mange av dei buande i campingbilar.
Namn
Det originale namnet for busetnaden var meint å vere Halukim fordi han ligg nær Halukimåsane. Etter eit år vat namnet endra til Merhav Am, inspirert av dei opne slettene han ligg på, og til ære for Rehavam Ze'evi, ein tidlegare minister som vart myrda i 2001.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads