Händels Messias
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Händels Messias (original tittel The Messiah) er det mest kjende oratoriet til den tyskengelske komponisten Georg Friedrich Händel.

Händel komponerte oratoriet i tida frå 22. august til 14. september 1741, og det vart urframført i Dublin 13. april 1742. I mars året etter sette han verket opp i London, til stor begeistring, og sidan sette Händel verket opp kvart år, i noko ulike versjonar. Händel sette gjerne verket opp til inntekt for hittebarnhospitalet i London.
Remove ads
Teksten
Det tekstlege grunnlaget for oratoriet er spreidde bibelord samanstilte av presten Charles Jennens. Tekstane gjev eit bilete av Jesus Kristus og hans frelsargjerning.
Mozart omarbeidde verket i 1789, og denne moderniserte versjonen vart utgjeven i 1803. Sidan er både Händels og Mozarts versjonar vorte brukte.
Verket har tre delar. Den første delen inneheld profetiar om Messias, flest frå profeten Jesaia, nokre frå juleevangeliet. Oratoriet opnar med ein ouverture som kan gje assosiasjonar til nøden og uroa i ei verd som ventar på Messias, og sidan vekslar det mellom ein glad adventstemning og ein alvorleg manande tone. Den andre delen tar opp Jesu lidingshistorie gjennom tekstar frå Det gamle testamentet og brevtekstar frå Det nye testamentet. I den tredje delen er trua på ein oppstanden og levande frelsar gjennomgangstemaet.
Remove ads
Oppføringar
Sjølv om Händel først sette opp Messias til påske, vert oratoriet i Noreg helst assosiert med julemusikk. I rein speletid, utan pauser, inneheld verket musikk for om lag 2 timar og eit kvarter. Av den grunn er det helst utval av satsar som vert sett opp til ein konsert, då gjerne slik at utvalet av satsar harmonerer med tida på året.
Hallelujakoret vil likevel vere eit fast innslag på alle oppføringar. Tradisjonen seier at kong Georg II reiste seg då han høyrde Hallelujakoret framført. Etter det er det blitt skikken at tilhøyrarane reiser seg under Hallelujakoret.
Remove ads
Kjelder:
- G.F. Handel The Messiah, G. Shirmer Inc., 1912, (red: T. Tertius Noble, rev. av Max Spicker) ISBN 0-7935-0507-0.
- Kristen sang og musikk, Runa forlag, 1962 (red. Lars Aanestad, Karsten Ekorness, Sigurd Lunde og Johan B. Straume).
- Cappelens musikkleksikon, Cappelen forlag, 1979, (red. Kari Michelsen) ISBN 82-02-03687-9.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads