Metanol
kjemisk sambinding From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Metanol (metylalkohol, også stava methanol, og ofte kalla tresprit) er det enklaste medlemet i alkoholgruppa. Ved romtemperatur og under atmosfærisk trykk er stoffet ei fargelaus, flyktig væske. I motsetnad til etanol, som er det stoffet ein vanlegvis tenkjer på som alkohol, er metanol svært giftig! Stoffet kan brenna i surstoffhaldig, atmosfærisk luft under danning av karbondioksyd og vatn (2CH3OH + 3 O2 → 2CO2 + 4H2O ).
Metanol brenn med ein nesten usynleg flamme.
Remove ads
Teknisk bruk
Metanol vert brukt til:
drivstoff i racemotorer
- Frostvæske
- Drivstoff, m.a. i radiostyrte modellfly
- Løysingsingsmiddel
- Råstoff i produksjonen av andre kjemikalia, t.d formaldehyd
Helse og sjukdom
Metanol kan drikkast i den tru at det er etanol, eller stoffet kan koma inn i kroppen ved innanding. I alvorlege tilfelle kan metanolforgifting føra til blindheit og død.
Sjå òg
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads