Michael Greis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Michael Greis (fødd 18. august 1976 i Füssen i Bayern i Tyskland) er ein tysk skiskyttar. Han bur i Nesselwang, ikkje langt frå Ruhpolding. Greis er olympisk meister på 20 km, fellesstart og stafett frå OL i Torino i 2006.
Greis vart verdsmeister med det tyske stafettlaget i VM i Oberhof i 2004. I VM i Hochfilzen i 2005 tok han sølvmedalje på 20 km. Han vann sitt første verdscuprenn i Cesana San Sicario i februar 2005.
I OL i Torino i 2006 vart Greis ein av dei store profilane, då han vann gull på 20 km og fellesstart, og var med å vinna gull med det tyske stafettlaget.
I 2011 vart Michael Greis tildelt Holmenkollmedaljen.
Remove ads
Kortfatta merittliste

(per 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- Beste plassering: 9. plass (2004/05)
- Verdsmeisterskap:
- 1 gull, 1 sølv, 1 bronse (beste individuelt: sølv på 20 km i 2005)
- Olympiske leikar:
- 3 gull (20 km, fellesstart og stafett i Torino 2006).
- Verdscuprenn:
- 3 gull, 4 sølv, 3 bronse
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads