Middag
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Middag viser til eit tidspunkt midt på dagen, og til eit måltid, middagsmat, ein tradisjonelt har ete på denne tida.

Middagstidspunktet kan definerast kalenderisk og astronomisk:
- Allminneleg eller kalenderisk middag er den vanlegaste bruken. Ein kallar klokketidspunktet midt på dagen, kl. 12:00, for middag, uavhengig av normaltid, sommartid eller plassering i tidssona.
- Astronomisk middag er det tidspunktet på døgeret då sola står høgast på himmelen. Dette vil normalt vere det lysaste tidspunktet på døgeret, og klokkeslettet er avhengig av lengdegrad i høve til den tidssona som gjeld for staden, og eventuell «sommartid».
Tidspunktet har gitt namn til mange fjell og åsar, til dømes Middagshornet i Barstadvik i Ørsta kommune. Namnet kjem gjerna av at dei namngjevande gardane har sola over dette fjellet ved middagstider.
Remove ads
Middagsmat

- For meir om dette emnet, sjå Middagsmat.
Middag som måltid viser som regel til hovudmåltidet på dagen. Det har typisk ein god porsjon varm mat og kan etast frå middagstidspunktet, men gjerne seinare. Mange et middag om ettermiddagen, ei tid etter skule- eller arbeidsdagen, og i nokre kulturar kan ein ha middag om kvelden.
Remove ads
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
- Institutt for astrofysikk og teoretisk vitenskap Arkivert 2006-02-09 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads