Migen Memelli
albansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Migen Memelli (fødd 25. april 1980) er ein albansk fotballspelar. Mimelli signerte ein treårsavtale med Brann i mars 2006. Memelli kom frå den albanske klubben KS Skënderbeu Korçë. Klubbpresidenten i Skënderbeu Korçë, Spiro Bardhi var rasande då overgangen blei eit faktum. Grunnen var at Bardhi meinte overgangen aldri burde ha vore godkjent av det albanske fotballforbundet, då Migen var under kontrakt med Skënderbeu Korçë.
I ein treningskamp på La Manga i Spania, spelte Brann mot KR Reykjavik. Kampen enda 1-1 og Memelli scora målet for Brann. Men Memelli sin offisielle Brann-debut, kom 3. mars 2006 i ein annan treningskamp mot Rosenborg same stad.
Det var forretningsmannen Kjell Høibraaten som hjelpte Memelli til Brann. Høibraaten har drive ein fotballklubb på juniornivå i Albania i tolv år, men er ikkje ein offisiell agent, berre ein rådgjevar.
Memelli har spelt for ei rekkje klubbar i Albania, mellom anna for Teuta Durrës, Elbasani og Laçi, i tillegg til Skënderbeu Korçë. Han står bokført med totalt 45 mål på 140 kampar i den albanske serien.
I 2006-sesongen har Memelli ikkje klard å få fast plass på laget hjå Brann, men han har gjort viktige innhopp og scora fleire mål, mest i cupkampar.
Remove ads
Karriere som spelar
(Sist oppdatert 22. oktober 2006)
Lenkjer
Spelarprofil på skbrann.org Arkivert 2006-09-26 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads