Milleshaug
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Milleshaug er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg vest for Dyngelandsvatnet.
Remove ads
Namn
Den første delen av namnet kjem truleg av meldr, som er eit ord for korn som skal malast.
Historie
Garden låg opphavleg under Dyngeland og var ein øydegard på 1500-talet. Det var gardsdrift her frå 1604. Jordvegen vart på 1900-talet lagt ut til bustader.
Geografi

Garden ligg vest for Dyngelandsvatnet og på nordsida av Myrdalsvatnet, litt aust for Nesttun.
Garden grensar til Øvre Dyngeland både i nord og sør, samt ein liten del av Nedre Dyngeland i nord. I aust ligg Myrdal, og i vest ligg Ulsmåg og Midtun.
Kjelder
- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergenskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads