Mirjam

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Mirjam
Remove ads

Miriam eller Mirjam er eit opphavleg hebraisk kvinnenamn (מִרְיָם). Tydinga av namnet er uklar, det kan tyda 'bitter', 'opprørsk' eller 'ønskt barn'. Det kan også koma frå det egyptiske namnet mry, 'kjærleik' eller 'elska'. «Miriam» har gjeve opphav til namnet Maria gjennom den greske avleiinga Mariam.

Thumb
Mirjams dans, illustrasjon frå den bulgarske Tomić Psalter til Andre mosebok 15:20: «Så tok syster til Aron, Mirjam, som var profet, ei tromme i handa, og alle kvinnene følgde etter henne, slo på tromme og dansa.»[1]
Thumb
Politikaren Miriam Paulsen
Foto: Norske Samers Riksforbund

Ein kjend namneberarar er den eldre systera til Moses og Aron i Bibelen. Miriam har lenge vore brukt som førenamn av jødar. Etter reformasjonen blei også denne forma teke i bruk blant kristne.

Mirjam har norsk namnedag den 5. juli.

Remove ads

Namneberarar

  • Miriam Leslie (1828–1914), amerikansk forfattar, forleggjar, filantrop og kvinnesaksforkjempar
  • Miriam Yalan-Shteklis (1900–1984), israelsk forfattar
  • Miriam Hopkins (1902-1972), amerikansk skodespelar
  • Miriam Ben-Porat (1918-2012), israelsk høgsterettsdommar
  • Miriam Beatrice Hyde (f. 1918), australsk komponist
  • Miriam Pirazzini (f. 1918), italiensk mezzosopran
  • Myriam Marbé (1931–1997), rumensk komponist og pianist
  • Miriam Makeba (1932-2008), sørafrikansk songar
  • Myriam Yardeni (f. 1932), rumensk-israelsk historikar
  • Miriam Tlali (f. 1933), sørafrikansk forfattar
  • Miriam Margolyes (f. 1941), britisk skodespelar
  • Miriam Defensor Santiago (f. 1945), filippinsk senator
  • Myriam Merlet (ca. 1957–2010), haitisk politisk aktivist
  • Myriam Fox-Jerusalmi (f. 1961), fransk verdsmeister i kanoslalåm
  • Miriam Stockley (f. 1962), sørafrikansk songar
  • Myriam H. Bjerkli (f. 1963), norsk forfattar
  • Miriam Toews (f. 1964), kanadisk forfattar
  • Myriam Bédard (f. 1969), kanadisk skiskyttar
  • Miriam Yeung (f. 1974), hongkong-kinesisk songar og skodespelar
  • Mirjam Kristensen (f. 1978), norsk forfattar
  • Miriam Paulsen (f. 1980), norsk sametingspolitikar
  • Myriam Abel (f. 1981), fransk songar
  • Myriam Baverel (f. 1981), fransk taekwondo-utøvar
  • Myriam Montemayor Cruz (f. 1981), meksikansk popstjerne kjend som «Myriam»
  • Myriam Fares (f. 1983), libanesisk songar
  • Miriam McDonald (f. 1987), kanadisk skodespelar kjend frå Degrassi: The Next Generation
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads