Mittelberg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mittelberg
Remove ads

Mittelberg er ein kommune i distriktet Bregenz i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 96,9 km² med i kring 4 900 ibuarar i 2016. Både i nord og i aust grensar Mittelberg og dalføret Kleinwalsertal mot Tyskland og delstaten Bayern, dit alt ordinært samband går sidan kommunen ikkje har korkje veg- eller anna samband til resten av Austerrike.

Thumb
Riezlern i Mittelberg

Rådhuset i kommunen ligg i Riezlern, 1086 meter over havet. Elles omfattar kommunen landsbyane/grendene Hirschegg, Mittelberg og Baad.

Turismen er den dominerande næringa i Mittelberg.

Den austerriksk-vesttyske skirennaren Ludwig Leitner var frå Mittelberg.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads