Mjølkeråen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mjølkeråen er ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 1844 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Mjølkeråen ligg nordvest i Åsane, ved Byfjorden.
Frå om lag 1970 vart det bygd store bustadfelt i Mjølkeråen. På garden sin grunn ligg barneskulen Mjølkeråen skole, som opna i 1969, og Marikollen ungdomsskole, som opna i 1980.
Leiglendingane på garden kjøpte bruka sine frå jordeigaren i 1727. Det var då fem bruk på garden. Husdyrhaldet i Mjølkeråen tok slutt i 1990-åra.
Remove ads
Kjelder
- Fyllingsnes, Frode. (2007) Åsane - i fortid og nåtid. Bodoni forlag. s. 156-167.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads