Mokka

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mokka
Remove ads

Mokka (arabisk المخا, al-Mukhā) er ein hamneby ved Raudehavet i Jemen. Fram til Aden og Hodeida voks forbi byen på 1800-talet, var Mokka den viktigaste hamnebyen for hovudstaden i Jemen, Sana'a.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Oversyn

Thumb
Villaen til den tyrkiske guvernøren, seint på 1800-talet.
Thumb
Mokka, tidleg på 1900-talet

Mokka er kjend for den store kaffimarknaden som var her frå 1400-talet til tidleg på 1700-talet. Sjølv etter ein fann andre kaffikjelder, er mokkabønner (òg kalla sanani- eller mokka sanani-bønner som tyder 'frå Sana') sjølv i dag høgt verdsette for den særeigne smaken.

Thumb
Europeiske fabrikkar i Mokka seint på 1600-talet.

I følgje den portugisiske jesuittmisjonæren Jerónimo Lobo, som segla i Raudehavet i 1625, var Mokka «tidlegare lite kjend og hadde liten handel» men då «tyrkarane tok over makta i Arabia, vart han ein storby, men er ikkje residensbyen for pasjaen, som bur to dagar inn i landet i Sana'a.»[1] Lobo la òg til at hamnebyen vart viktig under osmanarane fordi dei kravde at alle skip som kom inn i Raudehavet, måtte inn til Mokka for å betale skatt på varene sine.

Remedius Prutky reiste gjennom Mokka i 1752 og 1756 og skreiv at byen hadde eit losjihus der profeten Muhammed skal ha budd. Han nemnte òg dei mange europeiske skipa i jamna: tre fransk, fire engelske, to nederlandske og eitt portugisisk.[2]

Det engelske, nederlandske, franske og danske Austindiakompaniet hadde fabrikkar i Mokka, som var ei stor eksporthamn for kaffi fram til tidleg på 1800-talet.

I desember 1820 gjekk HMS «Topaze» og skip og soldatar frå Det britiske austindiske kompaniet til åtak på det nordlege og sørlege fortet, og øydela dei. Det kom etter britane hadde sett fram krav til styret i byen. På denne tida hadde kaffihandelen i Mokka alt blitt forbigått av Etiopia, som no var den leiande innan kaffieksport, og selde kaffien til ein tredjedel av prisen importert frå Arabia.[3] Øydelegginga av byen var framleis tydeleg så seint som i 1909, då den tyske eventyraren og fotografen Hermann Burchardt skreiv om byen: «Dette kortet vil nå det får ein av dei mest gudsforlatne, vesle stadane i Asia. Det overgår alle forventningane mine med omsyn til øydelegginga. Det verkar som om heile byen er øydelagd av jordskjelv og liknande».[4]

Mokka var blant byane sør i Jemen som vart erobra av houthiar under den militære offensiven deira i mars 2015.[5]

Remove ads

Klima

Köppen-Geiger sitt klimaklassifiseringssystem klassifiserer klimaet her som varmt ørkenklima (BWh).

Meir informasjon Vêrdata for Mokka, Jan ...
Remove ads

Venskapsby

  • Flagget til Djibouti Tadjoura i Djibouti

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads