Modale hjelpeverb er hjelpeverb som fortel kva haldning talaren har til innhaldet som er knytt til hovudverbet i setninga. Nokre av verba kan også bli brukt som hovudverb, då med ei litt anna tyding. Dei modale hjelpeverba i nynorsk er:
Meir informasjon Døme på bruk som hjelpeverb, Døme på sjølvstendig bruk ...
Hjelpeverb (infinitiv, presens, preteritum, perfektum partisipp) | Døme på bruk som hjelpeverb | Døme på sjølvstendig bruk |
burde el. byrje, bør, burde, burt |
«det burde han tenkt på» |
|
kunne, kan, kunne, kunna |
«det kan gå bra.» |
«ho kan alfabetet allereie» |
ljote el. lyte, lyt, laut, lote |
«no lyt me visst gå» |
|
mune, mun, munde, |
«det munde vel henda» |
|
måtte, må, måtte, måtta el. mått |
«det måtte jo skje nett no» |
|
skulle, skal, skulle, skulla |
«en skulle vøri fire år i romjul» |
|
tore, tør el. torer, torde, tort |
«ho torer koma snart» |
|
turve, tarv, turvte, turvt |
«det tarv ikkje du bry deg om» |
«eld han tarv som om kne kulsar» |
vilje, vil, ville, vilja |
«ho vil gjera alle til lags» |
|
Lukk
Dei modale hjelpeverba blir so å seia aldri brukte i infinitiv, so infinitivsformer som byrja, ljota og muna er sjeldsynte og lite kjende, medan kunna, turva og vilja som i visse tydingar er sjølvstendige verb, er meir tidsynte.
Meir informasjon skulle, ville ...
|
skulle |
ville |
måtte |
kunne |
burde |
påbod |
Du skal legge deg |
Vil du ha deg vekk! |
No må du gå! |
|
|
oppmoding |
Du skulle gjere deg likevel |
|
Du må ikkje gløyme dette! |
|
Du bør gå no |
lovnad |
Eg skal gjere det for deg |
Ho vil gjere det |
|
|
|
ønskje |
|
Ho vil gjere det |
Måtte det gå bra! |
|
|
vurdering |
Ho skal vere flink |
|
|
Det kan gå bra |
Det bør gå bra. |
tru |
|
Det vil nok gå bra |
|
|
|
kunnskap / evne |
|
|
|
han kan visst dette ut og inn. |
|
løyve |
|
|
Om eg så må seie. |
No kan du gå. |
Lukk
Verba som blir modererte av dei modale hjelpeverba, står i infinitiv eller perfektum partisipp. Det er mogleg å argumentere for at konstruksjonar med modalt hjelpeverb pluss perfektum partisipp er eliptiske, dvs. Det burde han (ha) tenkt på..
Det er også andre måtar å uttrykke modalitet på. I nokre språk har verbet ein eigen bøyingskategori, modus, i andre språk, som norsk, kan tempus få modal funksjon.