Modi'in Illit

From Wikipedia, the free encyclopedia

Modi'in Illit
Remove ads

Modi'in Illit (hebraisk skrift מוֹדִיעִין עִלִּית; arabisk موديعين عيليت, tyder «Øvre Modi'in») er ei israelsk busetjing og by på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart etablert i 1994 og fekk bystatus av israelske styresmakter i 2008. Folketalet er 59 332.(2012) Modi'in Illit er den største israelske busetjinga på Vestbreidda og vert, saman med dei andre busetjingane, rekna som ulovleg etter folkeretten. Modi'in Illit ligg i Ramallah og al-Bireh-provinsen. Busetjinga ligg 2 kilometer aust for grensa mellom Israel og Vestbreidda, om lag midt mellom Tel Aviv og Jerusalem. Buestjinga vert òg stundom kalla Kiryat Sefer, som er namnet på den første delen av busetjinga som vart bygd.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Israel sin separasjonsmur/-gjerde går aust for Modi'in Illit, og skil dermed busetjinga fysisk frå resten av Vestbreidda. Busettarane i Modi'in Illit er hovudsakleg såkalla ultra-ortodokse jødar, haredim. Folketalet i busetjinga aukar tre gonger raskare enn i gjennomsnittlege israelske byar.[1]

Remove ads

Kjende personar frå Modi'in Illit

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads