Molde videregående skole

From Wikipedia, the free encyclopedia

Molde videregående skole
Remove ads

Molde videregående skole er ein vidaregåande skole med musikk, media og kommunikasjon, formgjevingsfag, realfag, samfunnsfag og språkfag. I daglegtale blir han kalla «Gymnaset».

Kjappe fakta Kommune, Nettstad ...
Thumb
Molde videregående skole
Foto: Løken

Kvart år sett nokre av elevane opp eit skodespel og ein russerevy, medan alle ved studieretninga for musikk, dans og drama som blir driven saman med Molde kulturskole tredje kvart år sett opp ein musikal.

Remove ads

Historie

Skulen blei skipa som mellomskule i 1832. I 1863 fekk han rang som «lærd skole», kor elevane kunne avleggje examen artium.

Ein av dei tidlege elevane, Bjørnstjerne Bjørnson, kalla mellomskulen «en liden, meget pyntelig skole / på hvilken både kirke og stat kunde stole». Da han drog frå byen 17 år gammal, var det med orda «Nu farvel! fordømte Skole / Nu farvel! mit Fængselshul» i hugen.

Frå 1880-åra er det kjent at skulen hadde eit gymnasiastsamfunn med eiga elevavis, kor mellom andre Johan Scharffenberg skreiv.

Skulebygg

I skuletida til Bjørnson på 1840-talet låg skulebygningen ved elvemunningen. Sidan 1925 har skulen lege rett nordvest for Øvre bru, vis-à-vis den tidlegare folkeskulen (som no er vekk). Forutan hovudbygningen i empirestil, som framleis er i bruk, har fleire bygg kome til etter kvart.

Tidlegare namn

  • Molde Middel & Realskole (nemnt 1861)
  • Molde Lærd- og Realskole (nemnt 1872)
  • Molde latingymnasium og middelskole (nemnt 1879)
  • Molde middelskole og latingymnasium (nemnt 1887)
  • Molde kommunale høgre ålmennskule (1929)
  • Molde vidaregåande skole (nemnt 1994)

Nokre rektorar

Remove ads

Kjende tidlegare elevar

Remove ads

Kjelder

  • Kjell Ove Nybø Hattrem: «Professor Jacob Tanner forteller fra si ungdomstid i Molde (i samtale med Per Amdam og Nils Parelius)», i Årsskrift (Romsdal sogelag, Molde 1997)


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads