Moldeelva

From Wikipedia, the free encyclopedia

Moldeelva
Remove ads

Moldeelva er ei elv som renn gjennom Molde frå Moldevatnet ved kommunegrensa i nord, gjennom bymarka og sentrum, til Fannefjorden i sør.

For elva med same namn i Gulen kommune i Sogn og Fjordane, sjå Moldeelva i Gulen.
Kjappe fakta Land, Fylke ...

På vegen nedover vert elva kryssa av bilveg ved Fjellbrua, Kveldrobrua, brua i Moldelivegen, Øvre bru, Fossbrua, Strandgatebrua («Nedre bru») og Solemdalsbrua. Like nedanfor Fjellbrua er vatnet demt opp og utgjer reservekjelde for drikkevatnet i byen.

16- og 1700-talet vart det tømmersager langs Moldeelva. I 1909 fekk byen elektrisk lys på grunn av ein kraftstasjon der. Ein ullvarefabrikk har òg nytt godt av elvevatnet.

I samband med gjenoppbygginga etter bybrannen i 1916 vart ein holme i elva bortregulert. Moldeelva vart peikt ut som flaumutsett område i 1998.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads