Molsheim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Molsheim er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Bas-Rhin i regionen Grand Est, og har om lag 10 000 innbyggjarar.
Remove ads
Attraksjonar
Gamlebyen i Molsheim er godt bevart og inneheld mange gamle hus og bygningar med typisk alsasisk arkitektur. Dei mest kjende bygningane er Tour des Forgerons frå mellomalderen, Metzig frå renessansen, den barokke kyrkja Eglise des Jésuites, som er så stor at han kunne ha husa heile byen då han vart bygd, og den klassiske Hôtel de ville. Det tidlegare klosteret La Chartreuse, som delvis vart øydelagd under den franske revolusjonen husar i dag eit museum.
Remove ads
Økonomi
Molsheim er kjend som heimby for bilfabrikken Bugatti. Produksjonen av Bugatti Automobiles SAS vart starta opp att i Dorlisheim nær Molsheim i 2005.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads