Monica Bellucci
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Monica Anna Maria Bellucci (fødd 30. september 1964) er ein italiensk skodespelar og tidlegare fotomodell. Ho har vore gift med den franske skodespelaren Vincent Cassel sidan 1999. Bellucci snakkar både italiensk, engelsk og fransk flytande, og har spelt i filmar på alle desse språka, og dessutan arameisk i The Passion of the Christ.

Bellucci vart fødd i Città di Castello i Umbria i Italia. Med sikte på å bli advokat byrja ho å studera juss ved Universitetet i Perugia. For å kunna betala skulepengane byrja ho å ta oppdrag som fotomodell ved sida av studiane. Ho bestemde seg etter kvart for å satsa på karrieren som modell på heiltid, og hoppa av studiane. I 1988 flytta ho derfor til Milano og byrja å jobba for Elite Model Management. Allereie i 1989 var ho ein framståande modell både i Paris og i New York. Mellom anna var ho modell i franske ELLE og for motehuset Dolce & Gabbana.
Også i 1989, byrja Monica Bellucci å arbeida ein del som skodespelar ved sida av modelljobbingen. Gjennombrotet hennar kom med Dracula i 1992, og sidan har ho spelt i anerkjende filmar som Malèna, Irréversible, Matrix-trilogien og The Passion of the Christ.
Remove ads
Filmografi
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads