Monosjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Monosjøen er ein endorheisk og monomiktisk saltsjø som ligg i Mono County i den amerikanske delstaten California. Innsjøen blei til for minst 760 000 år sidan, og ligg midt i eit ørkenområde. Sidan Monosjøen ikkje har utløp, har han ein høg saltkonsentrasjon som gjer vatnet alkalisk.
Det lever saltsjøkreps i innsjøen, som saman med flugearten Ephydra hians dannar næringsgrunnlaget til eit hekkeområde med rundt to millionar trekkfuglar som kjem hit kvart år. I sjøen finst det også ein ekstremofil bakterie kalla GFAJ-1.
Monosjøen er også kjend for dei søyleliknande kalksteinsformasjonane sine, tufa, som har inspirert ulike kunstnarar. Storm Thorgerson sitt fotografi The Diver til Pink Floyd-albumet Wish You Were Here er til dømes teke ved Monosjøen.
Remove ads
Galleri
- Tufasøyler i Monosjøen.
- Flugearten Ephydra hians.
- Satellittbilde av Monosjøen.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads