Moskusfe
pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Moskusfe (Ovibos moschatus), òg kalla moskusokse og moskusku, er ein arktisk, sterktluktande jortar. I vår tid finst moskusfe naturleg i arktisk Nord-Amerika og på Grønland. Fram til siste istida fanst det òg moskusfe i Europa, og det finst i dag òg små flokkar etter utsette dyr i Noreg, Sverige og Sibir.
Remove ads
Arta stammar opphavleg frå Alaska, arktisk Canada og Grønland, men den har og blitt introdusert ei rekke andre stader, mellom desse Noreg. Det er gjort fossile funn av moskusdyr i Noreg som viser at arta eller ein stor nær slektning må ha levd naturleg her under siste istid, men han vert altså ikkje rekna som ei naturleg art her, sjølv om han er ønska og beskytta av myndigheitane.
Moskusfe er einaste art i slekta Ovibos og tilhøyrer oksefamilien (Bovidae). Arta er i nærare slekt med sau og geit enn med storfe[2].
Remove ads
Moskus i Noreg
På 1900-talet vart det sett ut moskusfe kring Dovrefjell (frå 1932 av) og på Svalbard (1929). Det er no ein stabil moskusstamme på Dovrefjell, men på Svalbard er dei utdøydde.

Foto: Ansgar Walk, 1998
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads