Moskusurt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Moskusurt
Remove ads

Moskusurt (Adoxa moschatellina) er ei plante i moskusurtslekta i moskusurtfamilien. Ho er ei sped, liten blomsterplante. Sjølve planta har ei svak, litt parfymert lukt medan blomstrane luktar litt rote. Desse er gulgrøne, sit i eit aks og inneheld nektar. Akset har ein toppblomster og oftast fire krosstelde blomstrar. Moskusurt vert pollinert av insekt, ofte fluger. Veksten spreier seg òg vegetativt. Fruktene er ripsstore, kvitaktige steinfrukter.

Kjappe fakta

Moskusurt er knytt til halvskygga veksestader med fuktig til våt, næringsrik gjerne moldrik jord, som han finn i lauvskog og kratt med kraftig skogbotnflora.

Remove ads

Utbreiing

Arten har si naturlege utbreiing i Nord-Afrika, Kaukasus, Sentral-Asia, Aust-Asia, Sibir, Nord-Amerika og Europa. I Noreg er han utbreidd på Austlandet og Sørlandet. Han finst i nokre av dei inste fjordarmane på Vestlandet og i Aust-Finnmark. I Danmark er moskusurt vanleg på Øerne og på Østjylland, men sjeldnare i resten av Jylland.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads