Mount Aspiring/Tititea

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mount Aspiring/Tititeamap
Remove ads

Mount Aspiring/Tititea[1] er det høgaste fjellet på New Zealand, utanom regionen der Aoraki/Mount Cook ligg.

Kjappe fakta Land, Fjelltype ...

Fjellet ligg i Otago, i nasjonalparken Mount Aspiring National Park, og høgda er 3 033 moh.. Maoriane kallar fjellet Tititea, som kan omsetjast med glinsande tind. Det fekk namnet sitt i desember 1857 av sjefslandmålaren i Otago Province, John Turnbull Thomson[2]. Det vert også ofte kalla «Matterhornden sørlege halvkula», på grunn av den pyramideforma spissen når ein ser fjellet frå Dart River. Dei første som nådde toppen var major Bernard Head og kjentmennene Jack Clarke og Alec Graham den 13. november 1909.[3] Følgjet til Head klatra til toppen på vestsida frå isbreen Bonar Glacier, ei rute som ikkje vart klatra på nytt før 1965 [4].

Mount Aspiring/Tititea ligg litt vest for «det store skiljet» (Søralpane), 30 kilometer vest for innsjøen Lake Wanaka[2]. Det ligg ved knutepunktet til tre store bresystem — Bonar Glacier, som tømmer seg i Waipara River, og Volta og Therma Glacier, som båe tømmer seg i Waitoto River. Waipara er tilførsleelv til Arawhata River, og både Arawhata og Waitoto renn ut i Tasmanhavet på vestkysten, mellom Haast og Jackson Bay.

Den mest brukte ruta opp på Mount Aspiring er opp gjennom West Matukituki Valley, som ligg ved enden av ein 50 kilometer lang veg frå Wanaka ved Raspberry Flat. Frå her gir eit nettverk med hytter utgangspunkt forklatrarar. Den første er Mount Aspiring Hut, som ligg åtte kilometer (eller om lag to timars gange) frå enden av vegen.

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads