Mount Bechervaise
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mount Bechervaise er eit stort massiv med brunt fjell, 2360 moh, som ligg 1 nautisk mil (1,9 km) aust for Mount Lacey i Athos Range i Prince Charles Mountains. Det har ein bratt nordvegg og utanom ei iskappe på den flate toppen, er det bert. Det vart først vitja i november 1955 av eit lag frå ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) leia av John M. Bechervaise, øvstkommanderande ved Mawson-stasjonen i 1955, som det er kalla opp etter.
Remove ads
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Bechervaise» (innhald frå Geographic Names Information System).
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads