Mount Drygalski

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mount Drygalski
Remove ads

Mount Drygalski er ein isfri ås, 210 meter over havet, som ligg 0,7 nautiske mil søraust for Atlas Cove, nær nordvestenden av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Åsen vart grovt kartlagd på eit skissekart frå 1882 teikna av fenrik Washington Irving Chambers ombord på USS «Marion» i løpet av redninga av det forliste mannskapet på den amerikanske selskuta «Trinity». Han vart meir nøyaktig kartlagd og namngjeven av Den første tyske antarktisekspedisjonen i 1902. Professor Erich von Drygalski, leiaren for den tyske ekspedisjonen, var eit medlem av laget som gjekk i land og undersøkte området mellom Rogers Head og toppen av dette fjellet.[1][2]

Kjappe fakta Land, Topp ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads