Munk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Munk
Remove ads

Ein munk (frå gresk monos, «åleine») er ein mann som har gjeve ein lovnad om å vie livet sitt til religionen sin innanfor spesielle rammer. Det finst munkar innan fleire religionar, men uttrykket vert spesielt mykje brukt i kristendommen og buddhismen.

For fuglen, sjå fuglen munk.
Thumb
Portrett av ein munk, ca. 1556, av Sofonisba Anguissola

Ordsoge

Ordet munk, i den greske forma monakhos, vart opphavleg brukt om kristne eremittar som vigde seg til Gud. Tilsvarande nemning for ei kvinne er nonne.

Levemåte

Munkar skal gjennom å følgja ulike levereglar prøva å koma nærare det andelege. Dette kan dei gjera gjennom dagleg bøn eller meditasjon, å gjera gudelege gjerningar, eller ved å leva eit enkelt liv der dei til dømes tigg etter den daglege føda eller dyrkar sin eigen mat.

Fleire munkar kan bu saman i eit kloster. Elles kan munkar bu åleine som eremittar, eller vandra langs vegane, gjerne som tiggarmunkar.

Remove ads

Utsjånad

Ein munk er gjerne kjenneteikna av spesielle klede, ofte av enkelt snitt og i éin fargetone. Buddhistmunkar ber til dømes ofte oransje eller andre raudleg farga klede. Kristne munkar har ofte svarte, grå eller brune plagg. Den typiske mellomalderlege kjortelen til mange katolske munkar blir kalla munkekutte.

Fjerning av noko hår kan òg vera eit symbol på at ein har vald å leva som ein munk. Buddhistiske munkar kan barbera heile hovudet medan ein del katolske munkar har tonsur.

Sjå òg

  • Religiøs orden

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Munk


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads