Musandam guvernement

From Wikipedia, the free encyclopedia

Musandam guvernement
Remove ads

Musandam guvernement (arabisk محافظة مسندم) er eit guvernement i Oman.

Kjappe fakta Land, Koordinatar ...

Guvernementet dekkjer Musandamhalvøya som stikk ut i Hormuzsundet, det smale innløpet til Persiabukta, frå Den arabiske halvøya. Musandamhalvøya er ein eksklave i Oman, skild frå resten av landet av Dei sameinte arabiske emirata. Plasseringa gjev Oman delvis kontroll, i lag med Iran, over det strategiske sundet. Nord på Musandam, kring Kumzar, vert det tala kumzari, som er eit sørvestiransk språk nært knytt til larestani og luri. Musandamhalvøya har eit areal på 1 800 km² og eit folketal 31 425 innbyggjarar.

Thumb
Musandamhalvøya sett frå verdsrommet. Al Khasab i nord (øvst) er synt i grønt.

Tidlegare var det heller vanskeleg å nå halvøya, der dei einaste mogelegheitene var nokre få flyruter eller ein ti timar lang køyretur gjennom fire immigrasjonspostar. Den raskaste passasjerferja i verda opna opp mellom Muscat og Musandam i august 2008 for å gjere regionen meir tilgjengeleg.[1]

Remove ads

Provinsar

Musandam guvernement består av fire provinsar (wilayat):

  • Khasab
  • Bukha
  • Dibba Al-Baya
  • Madha, er i seg sjølv ein eksklave, halvvegs mellom resten av Musdandam og sjølve Oman.

Khasab er regionssenteret i guvernementet.

Geografi

Den kuperte kystlinja minnar om fjordar fleire stader, men vart ikkje skapt av isbrear og i staden forma av rørsler i jordskorpa. Den arabiske plata vert sakte pressa under den eurasiatiske plata og skapt dei jordskjelvutsette fjella i Iran. Langs kanten av den arabiske plata søkk Musandamhalvøya. Dei høgare fjella er framleis over vatn, medan havet har fylt inn dalane mellom fjella.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads