Musikkgruppa Gåte

From Wikipedia, the free encyclopedia

Musikkgruppa Gåte
Remove ads

Gåte er ei musikkgruppe frå Sør-Trøndelag som speler ei blanding av norsk folkemusikk og rock.

Kjappe fakta Aktiv, Sjanger ...
Remove ads

Oppstart

Medlemene i gruppa var i starten vokalist Gunnhild Sundli, bror hennar, Sveinung Sundli, på fele og tangentinstrument, Magnus Børmarkgitar, Gjermund Landrøbass og Martin Langlietrommer. Seinare overtok Kenneth Kapstad etter Langlie. Gåte har jobba saman med den kjende felespelaren Knut Buen, og nokre av tekstane deira byggjer på dikt av Astrid Krog Halse.[1]

Debutalbumet Jygri selde over 40 000 eksemplar. I 2002 vann gruppa Spelemannsprisen for beste nykomar for denne plata. Dei mest kjende songane Gåte spela er «Bendik og Årolilja», «Grusomme skjebne», «Kara tu omna» og «Knut liten og Sylvelin». Gruppa fekk Prøysenprisen i 2003.

Remove ads

Oppløysing og comeback

Gruppa vart vedteken oppløyst i september 2005. I byrjinga vart oppløysinga av mange omtala som ein pause, men medlemer i gruppa understrekte seinare at det var snakk om eit brot.[2] På tampen av 2005 heldt Gåte fire avskjedskonsertar; to konsertar på Blæst i Trondheim, éin konsert på Rockefeller i Oslo og den siste konserten i Setesdal på nyårsaftan.

I 2010 gjorde gruppa eit mindre comeback. Etter ein underskriftaksjon på Facebook, sa medlemene seg viljuge til å ha konsert i Trondheim den 24. oktober 2009. Etter dette fekk gruppa lyst til å reisa på sommarturné i 2010, og det resulterte i fire konsertar denne sommaren: éin på Vinjerock, éin på Raumarock, éin på Storåsfestivalen og til slutt éin på taket til Operahuset i Oslo.

Eit meir markant comeback kom i 2017, då med Gunnhild og Sveinung Sundli, samt Magnus Børmark frå den opphavlege besetninga, og dei to nye medlemmane Jon Even Schärer og Mats Paulsen på trommer og bass. November same år gav dei ut EP-en Attersyn, og november 2018 kom albumet Svevn. Gruppa heldt fram med å skape ny musikk, og kom med EP-en Til Nord våren 2021, som vart utvida til albumet Nord i desember same år.

Etter å ha gitt ut EP-en Vandrar i desember 2023, kom det melding 5. januar 2024 om at Gåte er med som deltakarar i Melodi Grand Prix 2024 med låta «Ulveham»[3]

Remove ads

Utgjevingar

  • Gammel (EP) (2000)
  • GÅTE (EP) (2002)
  • Jygri (2002)
  • Statt opp (EP) (2003)
  • Sjå Attende (singel, 2004)
  • Iselilja (2004)
  • Liva (live) (2006, både CD og DVD)
  • Attersyn (EP) (2017)
  • Svevn (2018)
  • Til Nord (EP) (2021)
  • Nord (2021)
  • Vandrar (2023)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads