Leprabakterie
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leprabakterien (Mycobacterium leprae) er ein bakterie som valdar leprasjukdomen og ein nær skylding av tuberkelbakterien. Han har den lengste kjende generasjonstida av alle bakteriar. Han har òg vore umogeleg å dyrka i laboratoriet, men kan dyrkast i nibandbeltedyret.
Genomet til leprabakterien syner stor grad av nedbryting; mindre enn halvparten av genomet inneheld verksame gen. Samstundes finst det mange pseudogen i genomet hans som har intakte utgåver i tuberkelbakterien. Leprabasillen har òg eit mykje mindre genom enn tuberkelbakterien; 3,27 megabasar mot 4,41 megabasar.
Leprabakterien vart oppdaga i 1873 av Gerhard Armauer Hansen i hudprøver.
Remove ads
Kjelder
- Cole, S. T. (22. februar 2001). «Massive gene decay in the leprosy bacillus». Nature. doi:10.1038/35059006.
Denne biologiartikkelen som har med medisin å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads