Hindumytologi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hindumytologi
Remove ads

Hindumytologi er den store mengda av mytologi som er relatert til hinduisme, særleg den som finst innanfor litteraturen på sanskrit slik som epikksanskrit og Puranaene. I og for seg er han ei delmengd av indisk mytologi.

Thumb
Illustrasjon i manuskript av slaget ved Kurukshetra.

Kjelder

Thumb
Rama (til høgre), på skuldrene til Hanuman, nedkjempar demonkongen Ravana.

Dei fire vedaene, særleg Rig Veda-hymnane, inneheld ymt om mange mytologiske tema, som gudar og elvar.

I den klassiske sanskrit-perioden blei mykje mytologisk materiale bevart i viktige epos, Ramayana og Mahabharata. I tillegg til mytologi har dei fyldige eposa også gitt ei overflod av informasjon om det indiske samfunnet frå oldtida, filosofi, kultur, religion og levemåtar.

Puranaene inneheld forteljingar som er «mytologisk» eldre enn eposa («purana» er faktisk sanskrit for ‘oldtid’). Dateringa av puraniske tekstane slik dei er bevarte er hovudsakleg frå seinare tid, rundt tidleg mellomalder.

Eposa i seg sjølv er plasserte i ulike yugaer (epokar) eller tidsperiodar i hindumytologi. Ramayana, som etter tradisjonen er skriven av diktaren Valmiki, skildra livet og tidene til Rama (den sjuande gudeinkarnasjon av Visjnu) og skjedde i treta yuga. Mahabharata skildra livet og tidene til Pandavaer og skjedde i dwapara yuga, ein periode knytt til Krishna (den åttande gudeinkarnasjonen av Visjnu).

Bhagavathapurana er truleg den mest lesne og mest populære av puranaene. Dette er ei form for krønike for Visjnu og inkarnasjonane hans på jorda.

Remove ads

Vedisk mytologi

Figurane, teologien, filosofien og forteljingane som finst i dei vediske mytane frå oldtida er uutsletteleg knytte til hinduiske trusførestillingar. Vedaene er delte inn i fire: Rig Veda, Yajur Veda, Sama Veda, og Atharva Veda. Ein del av desse tekstane nemner mytologiske samanhengar og maskiner svært like dagens vitskaplege teoriar og maskiner.

Epos

Dei to store hindueposa, Ramayana og Mahabharata, fortel historia om to bestemde inkarnasjonar til Visjnu (Rama og Krisjna). Desse to verka er kjende som Itihasa. Eposa tener både som religiøse skrifter og som ei rik kjelde for hinduisk filosofi og etikk. Eposa er delt inn i kapittel og inneheld ulike korte forteljingar og moralske situasjonar der figurane tek ein bestemd handlingskurs etter med hinduiske lover og kodar for rettferd.

Det best kjende av desse kapitla er Bhagavad Gita (sanskrit for ‘Herrens song’) i Mahabharata, der Krishna forklarer konsepta for plikt og rettferd for helten Arjuna før det siste slaget. Desse forteljingane er djupt innbakt i hinduisk filosofi og tener som likningar og kjelder for fromheit for hinduar. Mahabharata er det lengste vers-eposet i verda, og består av meir enn 30 000 linjer.

Kosmogoni

Hinduismen presenterer fleire notat som handlar om kosmogoni (korleis verda blei til). Det er gitt fleire forklaringar om opphavet til universet. Den mest populære førestillinga er den der universet oppstod frå Hiranyagarbha, den gylne livmora. Hiranyagarbha flaut rundt inkje-vatnet og i inkje-mørket. Til sist blei det gylne egget delt og kosmos blei skapt. Swarga oppstod frå den gylne overdelen av Hiranyagarbha medan Prithvi kom ut frå sølvfarga nedre delen.

Remove ads

Krigar og våpen

Bortsett frå dei tradisjonelle våpna som menneske nyttar, som sverd, dolkar, spyd, klubbar, skjold, pil og boge og liknande, finst det våpen som gudane nyttar seg av, som Indra sin lynstråle Vajrayudha. Tekstane nemner ulike guddommelege våpen som blei handtert av ulike heltar, kvar knytt til ein bestemd guddom. Desse våpna er hovudsakleg gitt til halvgudar, menneske eller rakshasaer av gudane, stundom som eit resultat av ei stor botsøving.

Nokre av desse våpna er uttrykkjeleg klassifiserte (Shiva Dhanush er til dømes ein boge, Sudharshan Chakra er ein diskos og Trishul er ein trifork), men mange andre våpen verker å vera våpen som er særleg signa av gudane. Til dømes er Brahmastra agneyastra (sanskrit astra tyder ‘guddommeleg våpen’), særleg når han blir kasta mot ein motstandar, og andre astraer verker vera enkeltvåpen som kravde ein intrikat kunnskap for å bruka. Dei blir ofte avbilda i kunsten og litteraturen som guddommeleg signa piler.

Bortsett frå astraene er det andre tilfelle av guddommelege eller mytologiske våpen som bestod av rustningar (kavacha), kronar og hjelmar, stengjer og smykkar (kundala).

Remove ads

Syndflod

Forteljinga om ein stor flaum er nemnd i hindutekstar frå oldtida, hovudsakleg iSatapatha Brahmana. Ho er samanlikna med skildringane av ein flaum som ein finn i fleire andre religionar og mytologiar. Manu blei informert om ein kommande flaum og blei verna av visjnuavataren Matsya Avatara. Guden hadde manifestert seg i denne forma for å kvitta seg med verda av moralsk forkastelege menneske og verna dei fromme i lag med dyra og plantane.

Etter flaumen blei lovsamlinga Manusmriti eller Manu-lovene skapt som hovudsakleg gjev detaljerte moralkodar for dygder, plikter, åtferd og lovar.

Remove ads

Verder

Hindumytologi fortel om fjorten verder– sju høgare verder (himlar) og sju nedre verder (helvete). Jorda er rekna som den lågaste av dei sju himmelske verdene. Alle verdene bortsett frå jorda er nytta som mellombelse tilhaldsstader: når ein døyr på jorda vil dødsguden (offisielt kalla for 'Jama dharma raja' – Yama, rettferdsherren) gjera opprekning av dei gode og dårlege gjerningane til den døde på jorda og avgjera om sjela går til himmelen eller helvete, kor lenge og i kva kapasitet.

Remove ads

Guddommar

Det finst mange guddommar i hinduismen. Øvst er trimurti: Sjiva (øydeleggjaren), Visjnu (vernaren) og Brahma (skaparen), og makane deira (gudinner i eigen rett): Sjakti (også kjent som Parvati, Ambika), gudinne for mot og makt; Laksjmi, gudinne for alle former for rikdom; og Sarasvati, gudinna for lærdom. Barn av trimurtiar er også devaer, slik som Ganesha og Skanda eller Kartikeya.

Brahma er rekna som herskaren av dei høgaste av himlane (verda kalla Sathya) og skaparen av verda.

Nokre gudar er assosierte med bestemde element eller funksjonar: Indra (guden for tore og lyn; han er også herskar av verda Swarga); Varuna (havguden); Agni (eldguden); Kubera (vaktaren av rikdommen til gudane); Surya (solguden); Vayu (vindguden) og Soma (måneguden).

Remove ads

Inkarnasjonar

Fleire gudar er knytte til fleire inkarnasjonar. Som vernar av livet er ei av pliktene til Visjnu å opptre på jorda når ei særskild hand er påkravd for gjera noko rett. Det episke Bhagavatham er ein kronologi av dei ti viktigaste inkarnasjonane hans (totalt reknar ein med 26 inkarnasjonar): Matsya (fisk), Kurma (skjelpadde), Varaha (villsvin), Narasimha (menneske med løveansikt), Vamana (ein asket i form av ein dverg), Parasurama (ein militant brahmin), Rama, Krishna, Gautam Buddha (buddhistane skilde seg frå hinduane seinare), Kalki (ein føresagd krigar på ein kvit hest som skal koma i denne yugaen). Framtoningane deira signaliserer også byrjinga av slutten på kvar epoke.

Kjelder

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads