João I av Kongo

From Wikipedia, the free encyclopedia

João I av Kongo
Remove ads

João I av Kongo (død i 1506), òg kjend som Nzinga a Nkuwu eller Nkuwu Nzinga, var konge over Kongoriket frå 1470 til 1506. Han lét seg døypa og tok det kristne namnet João den 3. mai 1491 under påverknad frå portugisiske misjonærar, og bygde opp eit omfattande rike ved hjelp av europeiske våpen.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

King Nzinga-a-Nkuwu var den femte herskaren av Kongo.[2] Han var gift med syskenbarnet sitt, dronning Nzinga a Nlaza.[3] Dei fekk sonen Nzinga Mbemba, seinare kjend som Afonso I av Kongo. Ho hjelpte sonen med å bli herskar over Kongo etter at ektemannen døydde.[3] Under Nzinga a Nkuwu si regjeringstid voks Kongo til eit rike på 100 000 km² med eit svært sentralisrtrstyre.[4]

Portugisarane kjem

I 1483 kom ein portugisisk karavell med Diogo Cão som kaptein til Kongo-estuaret og fekk kontakt med undersåttane til kongen av Kongo.[5] Portugisarane blei tekne vel imot i Kongo. Dei tilbaud kongen mange gåver, og var med på ein festival før dei vende tilbake til Lisboa.[6] Cão segla tilbake til Portugal med ei gruppe sendebod frå Kongo. Etter at dei kom til Lisboa blei sendeboda døypte og sende til eit kloster før dei vende tilbake til kongen i 1491.[7]

Thumb
Gravering frå 1700-taket av dåpen til Nzinga a Nkuwu.

3. mai 1491 blei kongen av Kongo og familien hans døypte.[8] Kongefamilien tok namn etter dei portugisiske motpartane sine, som João etter Johan II av Portugal, Leonor (eller Leanor) etter kona hans og Afonso etter arveprinsen.[9] Tusen undersåttar fekk i oppdrag å hjelpa portugisarar å byggja i kyrkje. Samstundes gjekk portugisiske soldatar med kongen på eit hærtog for å forsvara provinsen Nsundi frå bateke-raid.[8] Europeiske skytevåpen hadde ei viktig rolle i sigeren hans, og det blei teke mange fangar.[8]

Dei fleste portugisarane drog seinare heim med slavar og elfenbein, men let etter seg prestar og handverkarar.[8] Etter dei kulturelle kveitebrødsdagane viste kongen si kristne tru seg å vera kortliva.[8] Han døydde i 1509 og blei etterfølgd av sonen Afonso I.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads