Marianøkleblom

From Wikipedia, the free encyclopedia

Marianøkleblom
Remove ads

(Mari) nøkleblom eller marianøkleblom (Primula veris) er ei plante i nøkleblomfamilien. Ho blir også kalla marinøkkel, men dette kan også visa til ein bregneart.[2]

Kjappe fakta
Thumb
Frø frå marianøkleblom.

Marianøkleblom er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 15 cm høg og har dunhåra blad som med eitt går over i eit breitt vengkanta bladskaft. Blomsteren mørkgul i midten, om lag 1 cm brei. Ho blømer kring mai månad i bakkar og småskog, oftast på kalkrik grunn.

Planta veks vilt i Noreg frå søre Østfold nordover til Åmot og Trysil i Hedmark, Nord-Aurdal og Øyer i Oppland; langs kysten er ho vanleg nordover til Romsdalen og meir spreidd i Trøndelag. Ho finst også forvilla frå hagar nord til Finnmark.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads