Nøytrino
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eit nøytrino er ein elementærpartikkel utan elektrisk ladning som første gong vart postulert av Wolfgang Pauli i 1931. Eit nøytrino er eit lepton, som elektronet. Symbol: ν (ny = gresk n). Vi kjenner i dag til tre nøytrino-typar. Elektron-nøytrinoet, myon-nøytrinoet og tau-nøytrinoet. Det er kjent at nøytrinoa har ein viss masse, men det er ukjent kor tunge dei er. Det at nøytrinoa har masse er eit lenge etterlengta avvik frå standardmodellen.

Nøytrinoa vert produsert i mange reaksjonar, særleg i partikkelnedbryting. Det var faktisk gjennom eit omhyggeleg studium av radioaktive nedbrytingssreaksjonar at fysikarane kunne slutte seg til at nøytrinoet eksisterte. Fordi det vart produsert mange nøytrino då universet var ungt, og fordi nøytrinoa vert påverka lite av anna stoff, er det mange av dei i verdsrommet i dag. Sidan det er så mange av dei, kan dei kanskje gje eit viktig bidrag til den totale massen i universet, sjølv om dei kvar for seg er særs lette. Dei kan såleis kanskje påverke utvidinga av universet.
I september 2011 vart det kjent at forskarar ved CERN har indikasjon på at snøggleiken til nøytrinoar kan overgå lyssnøggleiken.[1] Dette er ikkje stadfesta av andre eksperimenter (per des. 2011).
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads