Naas

From Wikipedia, the free encyclopedia

Naas
Remove ads

Naas (irsk Nás na Ríogh, tyder 'kongane sin møtestad') er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Kildare. Byen ligg 32 km frå Dublin og mange av innbyggjarane pendlar kvar dag til Dublin frå Naas. Motorvegen M7, som går forbi Naas, er ein av dei travlaste vegane i landet. Byen har like over 20 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Provins ...
Remove ads

Historie

Det irske namnet for Naas, Nás na Ríogh, tyder «kongane sin møtestad». Byen var i før-normannisk tid ein møtestad for dei irske kongane og etter den normanniske invasjonen vart engelske parlamentmøte halde i byen.

Eit av dei første slaga under opprøret i 1798 fann stad i Naas den 24. mai 1798 då ein styrke på om lag tusen opprørarar var slått i eit forsøk på å erobra byen. Leiaren til United Irishmen, Theobald Wolfe Tone, er gravlagd like utanfor Naas ved Bodenstown.

Under den andre verdskrigen låg det ein krigsfangeleir her. Sidan Irland offisielt var nøytarale under krigen vart militærpersonell frå alle land som kom til Irland internert. Som følgje av dette hadde krigsfangeleiren i Naas amerikanske, britiske og tyske soldatar samla i saman i same leir.

Remove ads

Folk frå Naas

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads