Nadezjda Tkatsjenko

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nadezjda Tkatsjenko
Remove ads

Nadezjda Vladimirovna Tkatsjenko (fødd 19. september 1948) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Krementsjuk som tevla i mangekamp for Sovjetunionen. Ho vart europameister i femkamp i 1974 og olympisk meister i Moskva i 1980.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Tkatsjenko fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i sommar-OL 1972 i München, der ho enda på niandeplassen i femkampen. Året etter vann ho femkampøvinga i universiaden, før ho i 1974 vann EM-gull i Roma. Med 4 776 poeng var ho 100 poeng føre sølvvinnaren Burglinde Pollak frå Aust-Tyskland. Under sommarleikane i Montreal i 1976 kom ho på femteplass med 4 669 poeng.

Frå 1977 vart 200 meter bytta ut med 800 meter i femkampøvinga, noko som var ein fordel for Tkatsjenko som ikkje var spesielt kjapp i sprintøvingane. Ho gjekk til topps i femkamp i friidretts-EM i Praha hausten 1978, men ho mista gullmedaljen då det vart avslørt at ho hadde brukt anabole steroid. Margit Papp frå Ungarn vart deretter erklært som vinnar av EM-femkampen.

Tkatsjenko var utestengd fram til OL i Moskva sommaren 1980. Den 23. og 24 juli 1980 presterte ho sin beste mangekamp nokon gong, og vann den olympiske gullmedaljen med 5 087 poeng, ny verdsrekord

Doping

Tkatsjenko testa positivt på anabole steroid under Friidretts-EM 1978, og vart utestengd frå idrett i knappe 2 år.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads