Nadym

by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia

Nadymmap
Remove ads

Nadym (russisk Нады́м) er ein by i det autonome området Jamalo-Nenetsk i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg 7 km vest for elva Nadym og rundt 290 km søraust for Salekhard.

Kjappe fakta Nadym Надым, Plassering ...

Opphavet til bynamnet er usikkert. Ein av dei mest trulege versjonane er at det er avleidd av det nenetsiske ordet njaidem, som tyder «mosegrodd plass».

Nadym vart nemnd i russiske kjelder første gong i 1598 og han dukka opp på russiske kart på 1700-talet. Men på andre halvdel av 1800-talet vart busetnaden forlaten. I 1968 vart han oppretta på ny etter at naturgassfeltet «Medvezje» året før vart oppdaga like ved. Busetnaden fekk bystatus 9. mars 1972.

Hovudverksemda i byen er Nadymgazprom, som står for 40 % av den totale gassproduksjon i Russland. Det er òg fleire store selskap innan byggebransjen i byen.

Nadym lufthamn ligg 9 km søraust for byen.

Remove ads

Venskapsbyar

Bakgrunnsstoff

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads