Nagano
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nagano er ein by i prefekturet Nagano i Chūbu på øya Honshu i Japan. Byen er kjend for å ha vore arrangør for vinter-OL 1998.
Nagano ligg i eit område med mange åsar og bakkar. Byen hadde om lag 378,000 innbyggjarar i 2006, og er m.a.o. ikkje blant dei største byane i Japan. Her ligg eit universitet frå 1949, og det er både tre- og silkeindustri i byen. Den største attraksjonen i Nagano er buddhisttemplet Zenkō-ji frå 600-talet. Templet er eitt av dei få gjenverande pilgrimsmåla i Japan.
Både jarnbane og vegnettet er godt utbygd frå byen, og innanriksflyplassen Matsumoto Airport ligg ikkje langt unna.

Remove ads
Kjelder
«Nagano» i Store norske leksikon, snl.no.
- Engelsk Wikipedia om Nagano, henta inn 16. april 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads