Nanay
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nanay er ei ca. 300—350 kilometer lang sideelv til Amazonaselva i Loreto-regionen i Peru. Ho renn vest for Napo og aust for Tigre og endar i Amazonas rett i nordkanten av regionhovudstaden Iquitos. Saman med elva Itaya omkrinsar dei tre elvane i stort monn byen. Nanay flyt sakte i flatt lågland i særs mange bukter i retning søraust. I øvre delen, og ca. 220 kilometer nordvest for Iquitos ligg Puerto Resistencia som ein av fleire busettingar ved elva. Når elva har lågt vatn finst det fleire strender som vert nytta til rekreasjon. I den våte årstida flaumar Nanay stort.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Nanay River» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads